Forfattaren Beate Grimsrud er død

Publié le par Nordre

Forfattaren, dramatikaren og regissøren Beate Grimsrud er død, 57 år gammal. Ho døydde 1. juli i Stockholm etter å ha vore sjuk ei tid.

Forfattaren Beate Grimsrud er død

Beate Grimsrud vart fødd i 1963 i Bærum, men har sidan 1984 vore busett på Södermalm i Stockholm. Ho er ein prislønt forfattar som har skrive bøkene sine både på svensk og norsk og har utgitt bøker i mange sjangrar.

– Noreg har mista ein stor forfattar. Som forlag har vi òg mista ein kjær venn. Vi kjem til å sakne dei lange samtalane, røysta i telefonen, latteren, fantasirikdommen og det årvakne intellektet, seier redaksjonssjef for norsk skjønnlitteratur i Cappelen Damm, John Erik Riley.

Grimsrud var òg verksam som film- og radioregissør, og ho har skrive dramatikk for scene, radioteater, TV-dokumentarar og spelefilm. I 2000 fekk ho Amandaprisen for «Noen spørsmål om boksing».

Forfattaren, dramatikaren og regissøren Beate Grimsrud er død, 57 år gammal. Ho døydde 1. juli i Stockholm etter ei tids sjukdom. Her er ho fotografert i 2010 i samband med lanseringa av romanen «En dåre fri». Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Pour être informé des derniers articles, inscrivez vous :

Commenter cet article